Bright Future Projects Norway - Ghana

Bright Future Projects Norway - Ghana

Del

16/02/2026

Lærar Sabina skal ta siste semester ved Winneba universitet. Vi treng 4150 kr, før 5. mars. All støtte er god støtte!💖 Vipps 86293 Bright Future Pre-School & Primary School

Photos from Bright Future Projects Norway - Ghana's post 18/01/2026

Morn og godt nyttår,

📝Det vart mange innlegg gjennom kalender i desember (og desto færre etter nyttår..), men Bright Future Projects, barnehage og skule, har fått fleire nye støttespelarar! 🎉 Me ønsker dykk varmt velkomne og vil dela litt historie og kva vi jobbar med. 😊

🚸Kort oppsummert har Bright Future Projects jobba for og med barnehage og etter kvart barneskule i Ajumako-Techiman i Central region Ghana, sidan 2001.

Då var eg der på frivillig arbeid i 5 månadar, eg fekk ei tomt i utkanten av landsbyen av min vertsfar James deRockson Anokye, eldrerådet sikra rydding av tomt og byggearbeid gjennom dugnadsarbeid og Vest-Telemark vidaregåande skule og vener sikra nok midlar til å kaupe alt materiale, frå grunnmur til berebjelkar til tak - i det fyrste bygget med tre opphaldsrom og kontor.

Sidan har det kome til eit ekstra bygg for dei yngste ungane og eit skulebygg i to etasjar, inkludert data-rom og bibliotek, for dei eldre ungane, kjøkken, rein vasskjelde og toalettanlegg.

Alt dette med midlar frå dykk, prioriteringar lokalt og dugnad og profesjonelt samarbeid!

Og alt dette treng stadig utbetring, og det er løpande kostnadar til drift..

Bidraga frå dykk gjeng derfor i hovudsak til varm og næringsrik lunsj til ungane, støtte til løn til vaksne og lett vedlikehald. 🍛🪙🛠️

I 2025 var det fleire månadar der dei vaksne ikkje fekk full løn. Det er også behov for nye stolar, pultar og bøker og .. og … og ..

Det vil seie, det er stadig behov for meir støtte, til både dei faste utgiftene og til det som oppstår! 😊

Faste bidrag direkte til konto 26303350348 (valfritt beløp) er gull, då kjem heile beløpet til oss.

Enkelt og raskt, er vipps 86293, men dei tek 1,75 kr av 100 kr.

Slik budsjett og valutakurs er no, betalar vi ca:
Lunsj: 10 kr per barn per dag.
Leike- og læringsmateriell: 300 kr per månad.
Støtte til løn: 400 kr per månad.
Vann og elektrisitet 400 kr per månad.

All støtte er god støtte! Ser fram til å oppdatere dykk om aktiviteten ved Bright Future barnehage og skule utover våren. ♥️

Vil du plassere din organisasjon på toppen av Frivillig Organisasjon-listen i Trondheim?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Nettsted

Adresse


Møllenberg
Trondheim
7014