Jon Georg Dale
11/02/2022
Viken er snart historie. Regjeringa får mindre økonomisk handlingsrom. Muligheitene for å innfri valgløfta uten å auke skattane vert mindre. Når krybba er tom, bites hestane. Er det slik også i regjering? Vi forsøker å gi svar i denne Podcasten!
First Cast 11.02.22 - Not ready for the Viken Regjeringen sliter med «is i rubben», og fremover blir det enda vanskeligere. Regjeringen vil få mindre økonomisk handlingsrom, og presset på skattene vil ta seg opp. Samtidig reverseres reformer i høyt tempo, og stjeler dermed penger man kunne brukt til nye satsinger i statsbudsjettet.14. mar...
31/12/2021
2021- du var ein utfordrande rakker!
Nedstengt både i inngang og utgang, men heldigvis full av høgdepunkt i mellomtida.
Når eg ser tilbake på 2021 har dei viktigaste opplevingane komt når eg har gjort ting eg ikkje skulle gjere.
- Kjøpe seg inn i ein bar
- Reise på ferie med bobil
- Slutte med politikk
- Kjøpe endå ein sykkel
- Delta på reality
Når landet omsider opna opp igjen utpå nyåret gjekk vi i gang med å pusse opp Bakgården! No er det berre å gle seg over at vi har komt oss gjennom det fyrste året tross Covid.
Ferie for meg er å ligge rett ut på ei solseng og steike i mitt eige fett. I år vart det annaleis. Bobilferie på Sørlandet og Vestlandet var heilt strålande. Avslutta naturligvis på Trandal Countryfestival! Alle fordommar mot camping kan vi berre legge vekk folkens!
Etter snart 20 år i politikken gjekk eg ut av Stortinget i Oktober. Det er fortsatt litt rart å ha gitt seg, men når eg ser tilbake på det var det rett avgjerd. Evig takknemlig for alle muligheiter eg har fått, og stolt over mykje av det eg har fått være med på å levere tilbake.
Etter 2 mnd i ny jobb har eg møtt nye flinke og utrulig trivelige folk. Ser fram til fortsettinga.
Jammen kom det ny sykkel i år. Etterkvart som forma på syklisten går ned, og vekta opp er det nødvendig at utstyret kompenserer. Landevegssykkel er altså utrulig artig.
Reality! Den eine tingen eg aldri skulle gjere!
Men så kom tilbudet om å lære meir om Italiensk matlaging i Toscana. Og vipps flytta eg inn på ein vingård saman med 9 andre. Utrulig lærerikt å få lære meir om italiensk mat og drikke. Likevel er det alle dei fine folka som var med både blant deltakarar og i produksjonen som gjorde dette til ei vanvittig oppleving. Kjem på eit fargefjernsyn nær deg i løpet av våren.
Ja, og så vart det naturligvis nokre fine turar både til fots, på ski og på hjul!
Meir kunne- og burde naturligvis vore nevnt, men noko skal jo gidde å lese dette også, så best å gi seg her!
No er det berre å sjå mot 2022.
Takk for det gamle, og godt nytt år til dykk alle!
29/12/2021
Siste dag med julefeiring i Dalsfjorden.
Ny bikkje er på plass i heimen sidan sist, og sauene har det fortsatt godt.
Når været viser seg som no er det få plassar som kan skilte med tilsvarande utsikt.
Ha ei fortsatt fin julefeiring!
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Type
Kontakt bedriften
Nettsted
Adresse
Haakon VII Gate 10
Oslo
0032