Neuro-SysMed

Neuro-SysMed

Del

05/05/2026

🧠 Kan stamceller reparere nerveskadar ved MS? Ny studie gir viktige svar:

Vi har nyleg publisert resultat frå SMART-MS-studien, der vi har undersøkt om stamceller kan bidra til reparasjon av nerveskadar hos personar med progressiv multippel sklerose (MS). Ein fagleg kommentar i Neurology er også publisert og set funna inn i ein større samanheng.

I studien fekk deltakarane ei éingongs behandling med sine eigne mesenkymale stamceller, sett direkte inn i ryggmargsvæska. Tanken er at stamcellene då kan kome tettare på hjernen og ryggmargen, som er områda som blir råka ved MS.

🔍 Viktige funn:
• Studien fann ingen klare teikn til at behandlinga førte til varig reparasjon av nervesystemet.
• Nokre målingar viste positive endringar etter 6 månader, mellom anna mindre hjernesvinn og teikn til mindre betennelse, men desse effektane var ikkje varige.
• Fleire deltakarar fekk biverknader, som feber, ryggsmerter og betennelsesreaksjonar rundt ryggmargen.

💬 Opplevd betring vs. målbare funn: Fleire deltakarar rapporterte mindre fatigue og betre funksjon, men dette vart ikkje stadfesta i objektive målingar. Studien viser kvifor placebo‑kontrollerte studiar er avgjerande når ein testar behandlingar som vekkjer stort håp.

🧩 Kva betyr dette vidare? Resultata tyder på at stamcellebehandling via ryggmargsvæska ikkje gir den ønskte effekten ved progressiv MS, og at metoden kan ha uønskte biverknader. Studien viser difor at ein må vere varsam før ein går vidare med denne typen behandling. Som fagkommentaren i Neurology peikar på, betyr ikkje resultata at stamceller er uinteressante ved MS, men at rett pasientgruppe, rett tidspunkt og trygg leveringsmåte truleg er avgjerande. Sjølv når resultatet ikkje er det ein håpar på, gir slik forsking svært verdifull kunnskap. SMART‑MS gir viktig kunnskap som kan peike ut vegen vidare.

💡 Nyare forsking tyder òg på at mykje av effekten frå stamceller kan kome frå stoffa dei skil ut (såkalla sekretom), til dømes ekstracellulære vesiklar som kan dempe betennelse og støtte reparasjon. Her hjå Neuro-SysMed arbeider vi allereie vidare med dette gjennom NEMESIS-studien, som no er i oppstartsfasen.

Dette arbeidet er resultat av eit sterkt samarbeid mellom dei fire norske universitetssjukehusa Haukeland universitetssjukehus, Akershus universitetssjukehus, St. Olavs hospital og Universitetssjukehuset Nord-Norge, samt «Tissue Engineering Group» ved Universitetet i Bergen, samt internasjonale partnarar.

Forskarar frå Neuro SysMed bak studien er mellom andre Christopher Elnan Kvistad, Torbjørn Kråkenes, Stig Wergeland, Sonia Gavasso, Marie Ytterdal og Lars Bø.

🙏Vi er svært takksame for økonomisk støtte til studien frå KLINBEFORSK, Røde Kors og MS-forbundet!

📄 Les publikasjonen i Neurology: https://www.neurology.org/doi/10.1212/WNL.0000000000214915
🔗 Sjå også fagkommentaren i Neurology: https://www.neurology.org/doi/10.1212/WNL.0000000000214955

24/04/2026

🎉 Gratulerer med ny doktorgrad!
Neuro‑SysMed gratulerer Trond Trætteberg Serkland med vel gjennomført doktorgrad ved Universitetet i Bergen 23. april 2026! 🎓

I avhandlingen «Towards model informed precision dosing of anti‑CD20 therapeutic monoclonal antibodies in relapsing remitting multiple sclerosis» har Serkland undersøkt hvordan behandling av multippel sklerose kan tilpasses bedre til den enkelte pasient. Arbeidet kombinerer avanserte laboratoriemetoder, matematisk modellering og klinisk farmakologi, og legger grunnlaget for mer persontilpasset og bærekraftig behandling i helsetjenesten.

Gratulerer så mye til Trond og alle involverte, ikke minst veilederne Silje Skrede, Erik Ingmar Hallin, Susanna Röblitz og Øivind Torkildsen! 👏

Les pressemeldingen her: https://www.uib.no/nye-doktorgrader/182130/persontilpassa-behandling-av-multippel-sklerose

14/04/2026

🎓 Gratulerer til Dr. Irit Titlestad! 🎉

🧠 10. april disputerte Irit Titlestad, ein Neuro-SysMed-finansiert ph.d.-kandidat i demensforskingsgruppa vår, med avhandlinga «Brain energy metabolism, neuronal injury, and medical record underdiagnosis in delirium».

Delirium er ein akutt forvirringstilstand som ofte rammar eldre ved sjukdom eller kirurgi, og som kan få alvorlege følgjer, mellom anna auka dødelegheit og høgare risiko for seinare demens. I doktorgradsarbeidet sitt har Irit Titlestad vist at delirium ofte ikkje blir oppdaga eller diagnostisert i sjukehus, sjølv når symptoma er dokumenterte, og at berre ein liten del av tilfella blir registrerte korrekt. Studien bidreg òg med ny kunnskap om kva som skjer i hjernen ved delirium, mellom anna ved å peike på forstyrringar i hjernen sin energimetabolisme. Dette har betyding både for behandling, oppfølging og vidare forsking innan geriatrisk medisin og demensomsorg.

👤👤👤 Disputasen blei leia av førsteamanuensis Ole Martin Steihaug, med ein bedømmingskomité beståande av forskar Hege Ihle Hansen (1. opponent), ph.d. Nikias Siafarikas (2. opponent) og professor Øivind Torkildsen.

🎓 Hovudrettleiar var professor Lasse M. Giil, med førsteamanuensis Kristoffer Haugarvoll og professor Tone Merete Norekvål som medrettleiarar. Forskinga har vore støtta av Noregs forskingsråd.

Vi gratulerer Dr. Titlestad med ei viktig og solid fagleg milepel, og takkar alle som bidrog til ein velukka disputas og ei stor hending for forskingsmiljøet! 👏

👉 Les meir om ph.d.-arbeidet til Irit her: https://www.uib.no/nye-doktorgrader/182133/delirium-underdiagnostisering-og-mulige-mekanismer-i-hjerne

Vil du plassere din offentlig person på toppen av Offentlig Person-listen i Bergen?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Type

Telefon

Adresse


Bergen