Tryggheim Strand

Tryggheim Strand

Del

Photos from Tryggheim Strand's post 15/06/2026

For ein vemodig, merkeleg og rar dag på Tryggheim Strand. I dag set vi punktum for eit heilt spesielt kapittel♥️

Etter 12 år ved roret på Tryggheim Strand set Brynhild punktum for eit viktig kapittel, og for eit avtrykk som vil bli verande lenge.

Takk for at du alltid har vist veg når retninga har vore uklar. Takk for at døra di alltid har stått open, og for at du alltid har teke deg tid til ein elev, ein føresett eller ein kollega som trong det. Takk for alle stormane du har stått i, for alle svara du har leita fram, og for den tryggleiken du har skapt rundt deg.

Gjennom desse åra har du vore rektor for hundrevis av elevar. Du har sett dei, heia på dei, utfordra dei og gitt dei eit godt grunnlag å byggje livet vidare på. Samstundes har du møtt oss tilsette med omsorg, tillit og støtte langt utover det som kan forventast.

Du har vore med på å byggje Tryggheim Strand til den skulen han er i dag. Men det viktigaste du har bygd, er kanskje menneske. Relasjonar. Fellesskap. Trivsel. Verdiar. Tru på kvarandre.

No går du vidare til nye oppgåver, men spora du har sett etter deg vil bli verande lenge. Du har gått føre, og lagt ein god veg for andre å gå vidare på.

Vi ønskjer deg Guds rike velsigning i tida som kjem🙏

«Herren velsigne deg og vare deg. Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.» ~4. Mos 6,24–26~

Tusen takk for alt, Brynhild ❤️

Vil du plassere din skole på toppen av Skole-listen i Tau?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Adresse

Torgvegen 9
Tau
4120